Proteinpizza!

Dette er blitt årets favoritt, både som alternativ til fredagstacoen, som turmat, eller som lunch.

Oppskrift:

150 g store havregryn

50 g solsikkefrø

2 egg

2 boxer tunfisk i vann

1 box tomatpure

1 ss peppermix

Sik av vatnet på tunfisken og bland alt i ei kjøkkenmaskin. La den gå nokre minutt. Klapp massen ut på eit brett med bakepapir og forsteik bunnen på 180 grader i ca 20 min.

Bunnen skal være godt steikt, men ikkje brent. Legg på det du liker av fyll. Denne gangen smurte eg først på tomatpure, så eit lag ost, karbonadedeig med peppermix, rødløk, mais og paprika. Steik i ca 12 min på 180 grader.

Nyt med GOD samvittighet! Denne er proteinrik, sunn og kjempegod!

Topptur på Kvamsfjellet!

 

Endelig skulle eg få min første topptur! Utstyret kjøpte eg i haust og har brukt det i slalombakken i heile vinter, både i trasseen og utaafor løypene. Eg har også testa feller på eit par småturer, men ikkje på ein skikkelig topptur.

Vi parkerte på øverste parkeringsplassen i Bjørkelia og gjekk første delen opp trasseen. Det skulle vere cup seinare på dagen, men førebels stod trekket og det var ingen folk å sjå. Vi gjekk vidare til venstre forbi trekket og opp i eit dalsøkke. Det var hardt og isete, men sola lokka oss til å halde fram til vi kunne sjå toppen. 

Vel oppe med varden etter 1,5 time møtte vi nydelig solnedgang, heftig sidevind og naglebet. Men bilder måtte vi ha!



Mangle lurer på å kjøpe seg utstyr og begynne å gå toppturer. Det er berre ein ting å sei: JUST DO IT!

På vegen opp hadde eg på meg ullundertøy, skallbukse, skalljakke, langrennshansker, lue og solbriller.

I sekken: camelback med drikke (klurete med flaske), boblejakke til nedkjøringa, sjokolade, ekstra ulltrøye, hjelm, slalombriller og tjukkare dunvotter.

Hugs for all del også skredsøker, søkestang og spade!

Vi har så mange fantastiske fjell her i Sunnfjord, og veldig mange av dei går fint an å bestige på ein ettermiddag no når vi har fått lengre og lysare kveldar. Eg har alltid ansett meg sjølv som ei Havfrue, og dykking var for mange år sidan min store lidenskap. Men vi mennesker er stadig i endring, og vert påvirka av omgjevnadane, på godt og vondt. Når eg flytta til Førde for 11 år sidan hadde eg knapt vore på ein einaste fjelltopp, men har sakte men sikkert byrja å elske fjellturar; roen, den friske lufta, blodslitet opp, utsikta på toppen, og ikkje minst kjensla eg har i kroppen på veg ned att!

Gleder meg til neste tur, for då skal eg faktisk setje slalomstøvlane mine i "walk" contra "ski" som dei stod instilt på heile denne turen! Haha! :D Ikkje rart eg syntes det var litt tungt å gå! Men man skal være litt "prospect" første turen og gjere nokre feil... ;)

Har du anbefalinger på fine påsketurer for ein nybegynner, så kommenter gjerne i feltet under :)

 

Gulrotvafler

Det går fint an å sunnifisere vafler, eller gjere dei HEILT sunne som desse er! Oppskrifta vart til når gnetalusa i meg tykte det var synd å kaste gulrotavfallet etter å ha laga gulrotjuice.

Kjempegodt med cottagecheese, kanel, jordbær, blåbær, vaniljekesam.... eller brunost ;)

Oppskrift:

Gulrotrusk etter juicing av 1 kg gulrøtter, eller 4 store raspa gulrøtter

3 egg

1,5 liter melk

8 dl havremjøl

1 ss bakepulver

1 ts salt

Bland alt til ei tjukk røre, steik på middels varme til dei er gjennomstekt. Smør jernet godt med cocosa eller anna olje, så vaflane ikkje deler seg og heng fast i jernet.


Ikkje kast avfall etter juicing. Bruk det i gryteretter, gratenger, smoothies osv! Du kan fryse ned det du ikkje bruker med ein gong.



Gulrotvafler vart stor suksess i heimen! Fint å ha i matboksen med ost og skinke på, i staden for brødskiver.





Håper du vil prøve desse!

Kos deg :)

Gulrotjuice




Ein fantastisk måte å få i seg nok vitaminer og antiokydanter på, er å "juice". Det finnast mange gode og billige juicemaskiner å få kjøpt. Mi er fra Coop Extra og kosta berre 500kr. Ei god invistering!

Det går ein del grønnsaker på ein liter juice, men det er ofte billige råvarer å få tak i, og då er det berre å kjøpe MASSE ;)

Denne gangen brukte eg:

1 pose gulrøtter

6 tomater

2 appelsiner

1 sitron

Ha gulrøttene i maskina først. Når du har juica heile pakken, tek du vare på gulrotmassa som er att. Denne er fin å bruke i proteinrike vafler som eg skal dele oppskrift på seinare.





Bon apetit!






Proteinsmoothie




Jentene mine er småspiste og vever bygd. Det er ikkje alltid så lett å få i dei gode byggesteinar som kroppen treng for å vekse og bli sterkare. Difor er proteinsmoothies ei god løysing for oss. Då kan eg lure inn det eg vil, og kamuflere det i søte og gode smoothiar. I dag hadde eg fokus på mykje protein og sunt fett, så oppskrifta vart som følger:

2 råe egg

2 poser halvfrosne jordbær

1/2 box kokkosmelk

1 box mager vaniljekesam

3 scoops proteinpulver med jordbærsmak

1 sprut stevia 

Køyr alt i ein blender eller bruk stavmikser i ei skål/stor mugge. 

PS: Det er lurt å ikkje la ungane sjå at det er råe egg i, det kan skape øøørlitegrann drama ;)

Server i glas med knust is og NYT!

Ha ein fin søndag :)




The MASK!

 



Eg skal ikkje legge skjul på det:

EG ER SLITEN!

Eg ser meg i spegelen. Huda mi er grå og eg har mørke ringer under auga. Fekk forlite søvn i natt og. Eg må skjerpe meg og begynne å sove meir. Eg sleper meg ned på kjøkkenet, kaffi er det einaste som kan friske meg opp akkurat no. I STORE mengder! Eg måler opp to toppa skeier med kaffipulver og fyller kanna med ein halvliter vatn. I det eg skal tømme vatnet oppi tanken på trakteren ser eg at eg har fylt kaffipulveret oppi tanken. FAEN! Eg byrjer nesten å grine. Eg orker ikkje meir. Dette vart formykje å bere. Eg gjer opp!




PIIIIIIIIIIIP-PIIIIIIIIP!!!

Mobilen min piper og riv meg ut av dei sjølvfordømmande tankane mine. 

-Heisann fine deg, har du lyst å komme og teste Green-Peel hos oss ein dag?

-Green-kva for noko? 

Meldinga er frå Heidi på Clinique1 i Førde. Ho er ein engel, og må ha ein 6. sans som sender meg ei tekstmelding med tilbod om ansiktbehandling når eg er i ferd med å fullstendig bryte saman. Eg takka sjølvsagt ja, og vi avtala time. Dagen blir kanskje ikkje så værst likevel?

Eg får ein kopp rykande deilig kaffi i det eg kjem inn døra. Stearinlys og blide smil lyser opp lokalet. Dei kjekke frisørjentene på Fresh hilser og ler. Steminga er herleg! Eg blir geleia inn på behandlingsrommet der eg får legge meg ned under eit varmt pledd. Berre kaffien i seg sjølv var motivasjon nok til å spandere på seg ei pleiestund utan unger, husarbeid eller jobb. Tenk å berre få senke skuldrane og puste djupt med lukka auge! Dette er reine luksusen!

-Eg renser først huda di, så vi får bort all smuss og sminke. 

Eg nyt det varme skummet mot ansiktet og dei lette fingrane som masserer meg i sirkelbevegelser.

-No smører eg på Green Peelen. Den er så organisk at den kan etast! Har du ete frukost? Laila som utfører behandlinga ler når eg seier nei og gaper opp. -Den inneheld 10 ulike urter med enzym, mineral og vitaminer. Ho pensler den grønne massen over ansiktet mitt og masserer varsamt. -Herregud så deilig!! Det kribler langt ut i tåspissane mine!!



Ho fortel vidare at urtene vil trekke ned i huda og jobbe i dybden. -Peelingen er fri for kjemikalier og kan difor brukast av personer med svært sensitiv hud. Den er betennelsesdempande, gjer næring til huda og trigger hudfornying ved at huda produserer nye hudceller. Dette fører igjen til ei oppstramma hud, forebygger rynker, kviser og store porer. -Give it to me, seier eg berre!

Eg får peelinga av medium styrke sida huda mi ikkje er på HEILT kritisk nivå, men den kjem både i ei mildare og ei sterkare utgåve. Kva type peeling du skal ha ser dei når dei renser huda di, så skreddersyr dei resten av behandlinga deretter.

Etter peelinga legg ho på ei fuktgjevande maske for å dempe prikkinga og sviinga i huda. Eg kjenner at det pulserer og "pumper" under hudoverflata, men det er ei deilig kjensle. Maska lindrer godt og gjev fukt til huda mi.

For å optimalisere maska legg ho på enda ei maske, denne verka litt kjølande og sval. Eg er i himmelen for å sei det mildt!! Eg finn fullstendig roen og kan glatt ligge slik i timesvis. Synd at heile behandlinga berre tek ein time....

Litt blank og rød i ansiktet takka eg fint for behandlinga og drog på jobb. Huda prikka litt, og eg kjente at den jobba. Dagen etter når eg såg meg i spegelen vart eg paff. Eg har ALDRI hatt slik glød i huda før! Fantastisk kjensle!! Synd eg ikkje tok FØR-bilde, for skilnaden er STOR!

Eg kan på det varmaste anbefale denne behandlinga som ei gåve til deg sjølv eller nokon som har "alt". Eg er komen i den alderen at eg ikkje ønsker meg gjenstander og skapfyll til jul og bursdag. Eg ønsker meg pleie, velvære og gode stunder. Både aleine og saman med andre. Ei behandling som dette koster 1100-1200 kr, men du har mykje igjen for det, ikkje berre den timen du tilbringer i himmelen medan du vert dulla med. Huda mi jubler for påfyll av energi og næring, og eg skal definitivt bli flinkare å ta vare på den!

Clinique1 tilbyr somsagt 3 ulike typar Green Peel:

Green Peel® Fresh Up: Dette er den mildaste av dei tre urtepeelene og blir populært kalt "Party Peel". Årsaken er at huden får ein så flott glød rett etter behandling at du kan gå rett på fest. Samtidig virker peelen både forebyggande og behandlande.

Green Peel® Energy: Dette er ein djupare variant av den mildaste peelen. Behandlinga har effekt på rynker, pigmentflekker, store porer og akne. Denne peelen er også ideell som tilvenning til dei djupare behandlingane. Den gjer umiddelbar effekt uten at det set begrensningar i kvardagen.  Du vil være litt raud etterpå, men som regel ikkje verre enn at du kan gå på fest neste dag.

Green Peel® Classic: Dette er den opprinnelige Green Peel og den sterkaste av de tre utgåvene. Den bidrar til å stramme vevet og forbetrer og bekjemper ujevn, ru hud, tap av elastisitet, rynker, store porer, akne og arr. Rett etter behandlinga vil huda bli noko raud, og etter 3-4 dagar vil du flasse. Etter 5-6 dager kjem du tilbake for ein oppbyggande behandling og du skal følge opp heime med tilrettelagte produkter. Resultatet blir total hudfornyelse.

Green Peel®, som ble utvikla av hudlege og spesialist på aldring og allergi, Christine Schrammek for 50 år siden, er kåra til nummer en i verden på naturlig hudfornyelse.

Kjerringa mot Sukkerstrøymen


Ei veke med sukkerkamp

Det er tysdag. Klokka er 1700. Eg køyrer dottera mi på 6 år i bursdagsselskap. Ho var i 2 førre veke, denne er det berre ein. Då eg henter ho 2 timer etterpå spør eg kva dei har gjort på. -Vi har ete pølser med brød, skulebollar, sjokoladekake, drukke brus og fått is!! Ho held en godepose mellom hendene og slafser og tygg medan ho oppglødd fortel. Kjolen er flekkete av iskrem. Eg spenner ho fast i bilstolen og tek i frå ho godeposen. -Denne sparer du til laurdag. Ho hyler i protest. -Det er MIN pose, mamma, eg vil ete den no!  

Dagen etter er det fjelldag med skulen. Barna mine informerer meg om at dei har lov å ha med seg ein sjokolade og pølser til grilling. Eg pakker motvillig sekkane deira. 

Torsdag ettermiddag kjem besteforeldra innom på ein visitt. Besteforeldre har lov å skjemme vekk barnebarna sine, i følgje dei sjølve. -Vi har ikkje sett dykk på ei veke, så vi har med ein liten sjokolade til dykk. Dei klemmer ungane og smiler medan dei rekk dei stratosen. -Eg veit mor dokka ikkje set pris på det, så dykk må love at de et kvelds først. Dei blunker til meg. Eg stirrer morskt attende. -Det er ikkje laurdag i dag, så snopet sparer vi til då! Eg tek i frå dei sjokoladen og legg den i skapet saman med godeposen frå tirsdagens kamp. 

Vi er komen til fredag. Pappen i huset har mot mi vilje innført chips og brus som kos til Idolsendingane. -La no ungane få kose seg, ikkje vær så streng! Eg har ei dårlig kjensle i kroppen når eg ser dei to jentene mine knaske i seg feit, salt chips og skylje den ned med brus. 

Laurdag er obligatorisk familiedag. Ungane skal ha nugatti på skjeva til frukost, så ventar tur i symjehallen og kafebesøk. Der vel dei enten bolle eller pomfri som mat. Så handler vi inn til laurdagspizza og den sjølvsagte posen med laurdagsgodt blir lagt i handlekorga. 

Søndag kjem og vi er vi bedne på middag. Vi et oss gode og mette på deilige kjøttkaker før desserten kjem på bordet. Jordbær og iskrem. -Nam! Roper ungane i kor.

I år 2000 fikk 80% av alle fireåringar i seg meir sukker dagleg enn anbefalingane frå helsedirektoratet. Mykje tyder på at desse tala har gått ned, men det er framleis ei stor utfordring å få ned sukkerinntaket til norske born.

WHO (Verdas Helseorganisasjon) anbefaler at barn mellom 2-5 inntek maks 30 gram tilsett sukker om dagen. For ein 6-9 åring er grensa på 45 gram. Med "tilsett sukker" meiner ein matvarer som ikkje innheld dette sukkeret på naturleg vis. WHO vurderer å halvere det anbefalte inntaket, men dette er ein oppheta debatt som av enkelte vert beteikna som "politisk dynamitt".

 

 


(illustrasjonsfoto: Dagbladet.no)

Sunn frukost?

Ein vanleg fruksost beståande av to brødskiver med smør og syltetøy, eit glas appelsinjuice og ein yoghurt vert for mange ansett som ein sunn start på dagen for barnet. Greitt nok, det er sukker i syltetøyet, men barnet vil ikkje ha noko anna. I juicen og yoghurten er det jo ikkje sukker vel? I så fall er det sunt sukker, ikkje sant? 

Denne frukosten inneheld om lag 30 gram tilsett sukker, og for ein 6-åring er vi allereie på den anbefalte maks-grensa. 

Dei største kildene til tilsett sukker for norske barn og unge er søte drikker (nektar, saft og brus med sukker), syltetøy, sjokolade, godteri og yoghurt.

Innhald av tilsett sukker i nokre matvarer: 

 

  • Eitt glass saft/juice: 13 g 
  • Ein barneyoghurt: 8 g 
  • Eitt glass brus: 15 g 
  • Ein søt kjeks med sjokoladebiter: 15 g 
  • Ein bit smågodt: 3 g 
  • Eitt sjokoladekakestykke: 16 g 

 

Ifølge Professor i mat- og ernæringsvitenskap Wenche Frølich ved Universitetet i Stavanger får norske barn i seg rundt 30 kilo sukker i året, der 20 kilo kjem frå godteri og leskedrikker. 

 

Ta ansvar! 

 

Barn som er i utvikling og vekst treng å ete mat som inneheld livsviktig næring for at kropp og hjerne skal utvikle seg. Hovedårsaken til at inntaket av tilsett sukker bør reduserast, er at sukkerhaldig mat ofte fortrenger inntaket av andre matvarer og gjer eit kosthald med færre næringsstoff. Sukker inneheld ingen næringsstoff, berre "tomme kaloriar". Eit høgt inntak av tilsett sukker kan også bidra til eit for høgt inntak av energi og dermed overvekt. Det er ikkje bra for tennene, og kan føre til livsstilssjukdomar som diabetes type 2.

 

Vi som foreldre har eit ansvar. Deira vaner spegler våre haldningar og kunnskap om mat. Eit kosthald med mykje tomme kaloriar gjennom sukkerhaldig mat gjer dei eit dårlig grunnlag  å byggje vidare på. Vi kan ved enkle grep redusere sukkerinntaket og erstatte det med næring dei har brukt for, og dette utan at borna merker noko særleg til det.

 

Sukkerfri bursdagsfeiring

Med 30 elevar i kvar skuleklasse der alle skal feire bursdag er det ei utfordring å begrense sukkerinntaket i kvardagen. Når det i tillegg er aktiviteter og hendingar kvar veke som vert feira med sukker, ser eg ikkje på det som ei utfordring lengre, men som eit samfunnsproblem der haldningane til oss som vaksne må endrast. Born er heldigvis ekstremt tilpasningsdyktige, og ofte meir opptekne av det visuelle enn av det gastronomiske. Det er i allefall det eg innbiller meg. Eg tok difor grep og arrangerte sukkerfri barnebursdag!



Grove minipizza VS pølse med brød

Minipizzaen mettar godt og erstatter middagen barnet ikkje et før den kjem i selskap. Deiga inneheld 50% havregryn som gjer kroppen både fiber og vitaminer. Eg bruker karboadedeig eller skinke til fyll som har høgt innhald av protein og lite fett. Elles kan ein bruke stavmixer og få lurt (kokt) gulrot, paprika, tomat og spinat inn i sausen. Pølser inneheld mykje metta feitt, og pølsebrødet er tomme sukkerkalorier. 



Proteinmuffins med gulrot VS brownies

I staden for brownies med store mengder feitt og sukker får barna muffins laga av ein kakemix med 80% mindre karbohydrat enn tradisjonelle muffinser. (Frå Funksjonellmat.no, selgast og på enkelte Remabutikker) Den er rask og lettvint å lage og du kan tilsetje kva smak du vil: raspa eple, blåbær, kakao eller gulrot. Pynt med bær!

100 g brownies: 15 g fett, 50 g sukker, 5 g protein.

100 g proteinmuffins: 16 g fett, 0 g sukker, 13 g protein.



Smoothie VS iskrem

Ein smoothie av jordbær, banan, kokkosmelk og vaniljekesam er både sunn og naturleg søt, den fungerer bra som dessert. Barna får i seg b og c- vitaminer, kalsium, antioksydanter og fiber. Iskrem er blotta for næring og har høgt innhald av sukker og feitt.



Vatn VS Brus

Barn drikk det dei får servert. Alle liker vatn, i allefall viss det ser kult ut. Eg har brukt masse isbiter, mandarinskiver og partypinner med frukt.  2 glas brus inneheld 30 gram sukker, som er den anbefalte max-grensa for ein 6-åring.



Fruktspyd VS Godepose.

Det er ein uting at borna først blir proppa fulle i sukker og feitt før dei får med seg ein godepose heim. 10 stk smågodt inneheld om lag 40 gram sukker! Ein kan heller sende ungane heim med eit flott fruktspyd dei kan ete i bilen etter leik og moro, eller ha med seg på skulen i matboksen dagen etter. Kva med å feste ein ballong med ei lita gåve inni i tuppen av fruktspydet? Det er garantert suksess!

Eg la vekt på å dekorere bordet i glade farger. Barna åt og kosa seg og ante ikkje at dei åt "SUNN" mat. Eg trur ikkje nokon av dei sakna verken is eller snop, det var i allefall ingen som spurte etter det. 



Då er det kanskje på sin plass å spørje seg sjølv: Veit eg nok om maten eg serverer barnet mitt? Tykkjer eg det er ok at dei sprenger skalaen for anbefalt sukkerinntak 6 av 7 dager i veka? Kan eg gjere enkle grep for å redusere bruken av sukker i kvardagen? Og tilslutt: er det eg eller barnet mitt som skal forme vanane hennar?

Syretur til Skåla



Oppned på 1848 meters høgde.

Omsider fekk eg og Christine litt kvalitetstid att. Det er rart kor lenge det kan gå utan at vi får det til å klaffe, men når det først gjer det er det aldri for å liggje på sofaen. I allefall ikkje på Dag 1.  Eg kom til den herlige hytta deira fredagkveld, akkurat i tide til Idol og taco. Christine hadde laga verdas største og diggaste heimelaga tacolefse proppfull i havregryn og andre godsaker.

Come to mummy!!

Etter ei god natts søvn var vi råklare for 8 km og 1848 høgdemeter i Loen.

Eg fekk syre i beina rimelig kjapt, så målet om å komme opp på 3 timar var fjernare enn fjernt. Teorien om at sjokolade hjelper, uansett kva som er problemet viser seg å berre vere ein teori. Eg var like tung i beina uansett kor mykje eg stappa i meg. Broren til Christine, Aleksander, var og med på tur og heldt meg med selskap medan Christine brann avgarde oppetter fjellsida.

Christine : Kjeeeem dokke snaaaart?

Heitt og til tider irriterande tips fra Christine: Om du trippar med små steg i staden for å gå med lange tunge skritt, kjem du fortare fram. Men når beina er tunge som bly er det lite som får meg fortare fram, spør du meg... Eg hadde ei tung styrkeøkt på bein 2 dagar før denne turen, det var kanskje ikkje den beste oppladninga eg kunne ha fått...





Hett tips 2: Ha med kle for all slags veir. Eg var sikker på eg hadde pakke altformasse kle med meg, men alt vart brukt faktisk. I sekken hadde eg regnbukse, regnjakke, ekstra ullkle: sokker, tights, genser, panneband, hansker og ei lightdunjakke.

Ca 1200 moh: Sterk sidevind og regn!

På 1500 høgdemeter kom snøen og det vart merkbart kaldare.

Vel framme i Skålatårnet etter 4 timar. Kroppen min gjekk rett i sjokk. Etter å ha bytta kle fra innerst til ytterst fikk eg frostskjelvingar som ikkje gav seg trass i at eg satt så nær vedomnen at eg nesten tok fyr.

Etter ein times pause med rikelig påfyll av karbohydrat og drikke var det tid for å labbe ned att. Vi var heldige med timinga, for i det vi åpna døra til Skålatårnet, så braut sola fram mellom skyene!

Vakkert!



Ein fantastisk oppleving med ei god venninne :)



Aleksander hadde med seg speilreflekskamera og fekk tatt nokre kule foto på veg nedatt. Sjekk ut bloggen hans med fantastiske bilete her.



Etter en LANG dag på fjellet var det ikkje feil med biff, vin og noken slag kort.



Vi hadde egentlig tenkt oss på Hornindalsrokken søndag, men beina mine skreik i protest. Frøken Råtass hadde vore på Slogen fredag og sjølv om ho truleg hadde sprunge intervaller på Hornindalsrokken om det var opp til ho, så gjekk ho med på å slappe av i den koselige hytta i staden. Det gav meg rom for å snap-rape ho litt.



Nemde eg foressten at denne karamellen av ei dame er singel? Ikkje det? Hm, men det er ho i allefall. Og ho likar turar i skog og mark, men mest av alt å forsere høge fjelltoppar i dårlegast mogelig veir. Er du ein sterk, snill og morsom mann og har lyst å treffe ho, så ta deg ein tur på Stoltzen, gjerne når det sludder. Sjansen for at ho jogger lett som ei antilope opp bakkane der er stor. 

Fjellformen min er ikkje den heilt store, det viser seg at man vert god på det ein trener på. Kven skulle trudd det?? Med nye, ubrukte Randonneski i garasjen fekk eg ein liten vekkar før sesongen byrjer... Eg må trene meir uthaldande styrke så eg tåler betre lange turer. 

Tips: Conrad Sport i Tyskland sel utstyr til sterkt reduserte prisar i forhold til norske. No er eg ikkje tilhengar av netthandel sidan eg sjølv driv butikk, men nokre gonger er det rett og slett formykje å spare på å la ver. Ver obs på at mva kjem i tillegg.

Så var det berre for meg å takke Christine og Aleksander for tolmodet, ein fantastisk tur og flotte bilete. Neste tur på Skåla vert truleg med ski på beina :)




Fruktfest!

Barnebursdag UTAN pølser, krem, is og snop?? JA, det er faktisk mulig!

Barna mine skal ete sunt i kvardagen, men får sjølvsagt unne seg noko godt på laurdagen. Slik var det når eg var lita, og dette ønsker eg å overføre vidare. Problemet er når "kvardagane" blir færre og "laurdagane" oftare.

Fotballturnering, familiebesøk, overnattingsbesøk, bursdager midt i veka, fjellturer og kafebesøk. Dette er aktiviteter vi har hatt den siste veka. Og på kvar av desse har sukkerholdig mat blitt konsumert. Dette er IKKJE ok! Det er vi voksne som må ta ansvaret, vi kan ikkje skulde på at "det er jo ferie, det er jo bursdagsfeiring, det er jo besøk..." Dei usunne dagane er hyppigare enn dei sunne etterkvart og barna våre beveger seg mindre enn vi gjorde når vi var små.

Eg tok dermed den upoulære avgjeralsa om å lage sukkerfri bursdagsfeiring. Sjansen for bli kalla verdas kipaste mor er absolutt tilstades, men eg gjer dette først og fremst for å bevisstgjere. Det GÅR an å kose seg med sunn mat!

Bevepna med Pizzasnurrer laga av deig med 50% havregryn og med karbonadedeig som fyll, gulrotproteinmuffins og eit digert fruktmonster ønska eg 12 kjekke jenter velkommen til fest.

Eg kan konkludere med at dette var en suksess som eg skal gjenta. Ingen av jentene spurte etter verken godtepose, gele, pølser eller iskrem!

Vi voksne må tørre å sette grenser for våre barn og finne sunne alternativ når det er "kos" annakvar dag. Barna et det dei får og det er opp til oss å forme deira syn på ernæring.

Eg håper eg ikkje blir huska som ho kjipe, rare dama i feltet som berre gav nyttårsbukkane tyggis, dadler og mandariner... Men eg er redd eg er på god veg....

Eit Italiensk Eventyr!

Vi møtte Ole og Hansa Gardermoen uten å ha den fjernaste anelse om kvar vi skulle. Dei hadde arrangert blåtur for oss damene. Vi håpte på Italia, men turde ikkje heilt å være sikker, i tilfelle turen gjekk ein heilt annan stad. Tenk om vi skulle ta bussen til ein campingplass på Svinesund??! Når vi fekk flybillettane til Milano i neven slapp vi jubelen og lettelsen laus!
-Hurra!!!! -Hello Gucci, hello rødvin, hello pizza, sol og sommer!!

Det viste seg fort at vi ikkje skulle til Milano likevel, og gutane måtte jekke oss litt ned. Vi skulle nemlig til landsbygda i Italia, nærare bestemt Piemonte. Eg vart fullstendig paff og ante at vi skulle på vinsmaking. Dette har eg drømt om sida den gongen ganen min oppedaga skilnaden på JP Chene og Amarone! Piemonte er rekna for å vere eit av Verdas beste raudvinsdistrikt! Eg gleda også meg til å sjå kva landevegen i Italia ville by på. Sjarmerande hus, trange vegar, åser og nydelig natur....

Vi vart henta av ein sjåfør fra ein av samarbeidspartnarane til Gas Tech på flyplassen i Milano og kjørt ca 30 mil ut på bygda. Det går fort når bilen du set i held ei stabil fart på 170 km i timen. Eg og Heidi måtte ta kvar sitt gram med paracet for å klare å slappe av. Bilder av prinsesse Diana som vart jaga av paparzier for gjennom hovudet mitt. Eg fatter ikkje korleis Ole og Hansa kunne sitte avslappa og duppe av medan bilen suste mot det eg og Heidi ansåg som den sikre død! Våt av kaldsvette, bilsjuk, passe forbanna og utslitt kom vi fram på gardshotellet litt over midnatt.

Ingrid, som driv hotellet tok i mot oss og vi stupte i seng etter å ha overlevd bilturen mot alle odds. Synet som møtte meg om morgonen tok pusten frå meg....

Så fantastisk vakkert landskap!! Eg skjøner godt at dei to norske familiane som driv hotellet valgte å flytte ned hit for 2 år sidan. Ingrid fortel at det har vore to tøffe år både for dei sjølve og barna deira, men at dei no har funne seg godt tilrette. Draumen er å leve godt av å drive hotellet som har 10 rom, og tilby skreddersydde opplevelsespakker for grupper. I sommer skal dei huse 2 bryllup der ein del av gjestane skal innlosjerast på andre hotell i landsbyen.

Les meir her:
http://mobil.nordlys.no/magasin/article6864816.ece

Kristian serverte oss frukost og fortalte om det gode liv i Italia. Verda er ikkje større enn at Førde er dens navle plar eg spøke med, og det har eg heilt rett i. Når Kristian spør oss om kvar i Førde vi bur, vi svarer Farsundfeltet og han faktisk VEIT kor det er kan vi ikkje bli anna enn imponert. Det viser seg at Kristian jobba i 6 år på sjukehuset i Førde som fysioterapeut!

Ein tradisjonell Italiensk frukost består av kake og espresso, noko som ikkje er det heilt store å fylle magen med for matvrak som oss. Ole hadde difor presisert at frukosten var veldig viktig for oss. Kristian skuffa på ingen måte. Grove rundstykker, skinke, nyplukka kokte egg, kremost, Kiwi frå eigen hage, jordbær, appelsiner, heimelaga skogsbærkake og scones... Dette må være historiens beste frukost!

Kristian fortalte gladelig om alt vi spurte om, vi var nysgjerrige på korleis dei havna her og kva framtidsplanar dei har. Eg beundrer pågangsmotet deira og trua på at dei vil lukkast med dette. Alle som har suksess har ein gong satsa noko og gått for draumen sin. Ein får ikkje ting til om ein ikkje er all in, og det dei har på gang er virkelig bra!

Kristian har vore med i NM i baristakunst og gjekk ut med ein fin 9.plass. Treng eg nevne at kaffien var nydelig??

Etter frukost kjørte Ingrid oss til Maria, ein kjend vinprodusent, for vinsmaking. Vi kjørte gjennom fantastiske dalar og over høgder. Ingrid er ei utømmelig kjelde til kunnskap og fortalde både om vindruer, italiensk historie og prøvde på samme tid å lære oss nokre italienske ord.

På dei fleste høgdene ligg det gamle slott etter storhetstida. No står dei diverre tomme sidan det er dyrt å både drive og vedlikeholde dei.

Eg fekk ikkje nok av naturen, murane, dei smale vegane, stillheten og den friske lufta. Vi stoppa på eit utsiktspunkt for å nyte alle inntrykka og eg kjende at der kunne eg ha vore i timevis. Roen hadde fullstendig senka seg i kroppen!

Du treng ikkje å ha kjent meg lenge for å vite at eg ALDRI seier nei til vin,(med mindre den er heimelaga, eg er gravid eller på diett) så når Ingrid jaga oss innatt i bilen fordi vi var seint ute til vinsmakinga slo eg meg på ingen måte vrang. Dagen vart berre betre og betre!

Maria snakka godt engelsk og fortalte om prosessane bak vinproduksjonen, dei ulike typane druer og forskjellen på desse. Grunnen til at hennar raudvinar ligg i øvre sjiktet på verdsbasis er den ideelle jorda samt klimaet. Ho fortel stolt at dei ikkje har latt seg påvirke av moter og trendar innen kommersiell vinproduksjon og at dei held på sin måte å gjere det på, som dei har gjort i generasjoner.

Ho produserer cirka 25 000 liter i året og 95% av det vert eksportert. Ho og mannen gjer all jobben frå planting, luking, beskjering og innhøsting, til pressing, sentrifugering, fermentering, tapping og pakking.

Vi smakte på 8-9 vinar og byrja med den yngste og letteste. Eg kunne ikkje tru at den neste kunne smake betre enn den forrige, men somsagt, dagen starta på topp for berre å skyte i ei rett linje vidare oppover, dette var intet unntak!

115 euro for desse vinane kjøpt direkte frå produsent er å sjå på som eit scoop. Eg aner ikkje polprisen, og tør heller ikkje sjekke den. Desse skal i allefall drikkast i djupaste andakt!

Med 2 kasser vin i bagasjerommet takka vi for oss hos Maria og gjekk for å spise lunsj. Ingrid hadde booka bord på ein restaurant som serverte vin frå ein anna vinprodusent. 2 vinsmakinger før klokka hadde bikka 15, sol frå blå himmel og fantastisk atmosfære. Kan livet bli bedre??

Ja, tydeligvis! Ein deilig 5-retters lunsj satte ein solid prikk over i-en! Min store skrekk var å få servert tartar, som er rått, kverna kjøtt tilsatt krydder og syre, og sjølvsagt stod det på menyen. Etter eit par store slurker med nydelig vin gjorde eg eit kompromiss med megsjølv og spiste 1/4 av porsjonen min. Italienere er utrulig stolte av jobben sin og yter alltid sitt beste. Gjester skal få det finaste dei har, så å ikkje smake på maten ville være ei fornærming. Eg kan ikkje sei eg likte det, men det var heller ikkje vondt på smak. Det er vel meir konsistensen eg har eit problem med... Men you cant win them all, eg gjorde eit tappert forsøk i det minste!

Resten av rettane var nydelige!!

Lykkelige, stappmette, småbrisne og fulle i endorfiner svingte vi en tur innom byen Alba for ein spasertur i gatene. Der klarte vi utrulig nok å trykke innpå kaker og kjeks hos eit bakeri før vi drog tilbake til hotellet. Halv åtte hadde Ingrid booka bord til oss på ein restaurant med 2 stjerner i Michelinguiden! Trass i at eg ikkje trudde magesekken min tålte meir, gleda eg meg til middag!

Dette måltidet er det mest fantastiske eg har spist. Vi var heilt aleine i restauranten og blei behandla som kongelige. Tipset frå Ingrid var å velge ein ferdig satt meny med vin til rettane, så fekk vi smake litt av kvart. Vi landa på ein 4-retters sidan vi i utgangspunktet allerede hadde spist for 3 dager.

Italienerene gjer deg somsagt det beste dei har, og ber du om 4 retter så får du 6-7....

Tartar er ein italiensk spesialitet og sjølvsagt intet unntak på denne restauranten heller. Eg stålsatte meg og smakte på herlegdomen. Eg veit ikkje om all vinen hadde gjort meg dristig eller om denne retten berre var tilberedt av ein kokk med vinger, for dette smakte fantastisk! Tilbehøret var tomatpure og parmesanmousse, og smakane eksploderte i munnen min! Eg spiste opp heile porsjonen!

Smak, lukt og syn galopperer om kapp! Dette er profesjonell matporno!

Fra det rolige, idylliske og fredelige Piemonte gikk turen neste morgon vidare til Milano. Vi var henta av den Italienske utgåva av Martin Skanke, altså den samme fyren som nesten fekk oss drept to dager før. Eg lot meg motvillig sele fast i bilen, bad ei stille bøn og satsa på at flaksen var på mi side denne gangen og. Sjåføren hadde det mindre travelt, og eg kom velberga fram utan melkesyre i armar og bein.

Milano er dyrt. Veldig dyrt! Til lunsj vart det pizza og øl på den åpne plassen forran Duomo-katedralen. Det kosta omtrent det same som 5-retters lunsj med vinpakke i Piemonte.

Wikipedia: Duomo di Milano er en katedral i Milano. Katedralen ble påbegynt i 1386 og innviet i 1418, men ble ikke fullført før i 1965. Fasaden ble fullført i 1813 i gotisk stil.
Katedralen har rundt 3 500 skulpturer og statuer i fasaden. Disse forestiller helgener, dyr og monstre.
Den største statuen befinner seg på toppen av det høyeste spiret, og er en 4 meter høy, gullbelagt statue av jomfru Maria, kalt La Madonnina.

Vi brukte dagen til å kikke i luksusbutikker, som låg som perler på ei snor. Etter nokre timar med sikling på vesker som koster fra 10 000 og oppover, verker det fornuftig å kjøpe ei som "berre" koster 3000.

Men mi indre Gnetalus heldt meg att, så det vart med lysta.

Ole syntes desse D&G solbrillene var fine og tilbaud seg å kjøpe dei til meg. Eg var snar å takke ja. Han fekk hakeslepp når han såg kontoutskrifta etter han komen heim. Hehe! Det vart litt luksus på meg likevel gitt!

Siste kvelden gjekk vi på ein Italiensk restaurant og spiste middag. Det var ein intim og koselig kjellerrestaurant. Vi hadde bestemt oss for ein blodig biff med tilbehør og ein god rødvin. Eg valgte artisjokker med pepper og parmesanost som sidedish og måtte le godt når dei andre fekk sin. Chips. Ikkje som i pommes frites, men som i vanlig chips. Dei vart lange i maska, men det smakte ikkje så værst. Biffen og vinen var i allefall utsøkt!

Eg vil takke reisefølget mitt for ein tur eg aldri kjem til å gløme. På berre 2 dager opplevde vi alt dette saman. Kontrastene mellom Piemonte og Milano var enorme, men begge hadde sine spesielle ting å by på. Ting eg er ydmyk for å ha fått oppleve. Tusen takk til Hansa, Heidi og Ole for ein minnerik tur!

Fagre Sunnfjord!

Full i skam innrømte eg for Monica i går at det einaste fjellet i Sunnfjord eg har vore på er Hafstadfjellet.... Til gjengjeld har eg sikkert vore der 150 gonger. Minst.

Strakstiltak vart iverksett, og før eg visste ordet av det sat eg i bilen til Monica på veg til Naustdal. Christina er med meg i tjukt og tynt og var med som støttekontakt.

Eg har styrketreningskarantene og må difor finne andre aktiviteter. Dette tok eg svært tungt i byrjinga, men no ser eg at det åpner seg ei ny verd for meg!

Eg ELSKER fjellet! Stillheten (om en ser vekk i frå at turfølget snakker og ler både på inn-og utpust), den friske lufta, fargane, naturen.... Eg er frelst!

Det er rart med det... Eg har alltid hatt ein romantisk drøm om gå i Jotunheimen... Men at dei flotteste turane er rett utanfor stoveglaset har eg ikkje tenkt så mykje over... Fjellturer for meg har vore kondisjonstrening: Dure opp med musikk på øyrene og jogge nedatt.

Eg har bestemt meg for å oppleve meir av dette. No skal kroppen få fri nokre månader fra tunge løft, og hauet og den indre fjellsjela mi skal pleiast i norsk natur. Ikkje noko ekstremt. Berre vanleg tempo med sekk og niste!

Men Yoga er det alltid tid og rom for!

Sliten i beina etter å ha gått i uvant terreng, men desto meir lykkelig og glad for å ha opplevd noko "nytt". Eg er som alle andre eit vanedyr, og er mest komfortabel med det kjente og kjære.

Eg trur ikkje at alt som skjer har ei meining, men eg trur at ein kan få ei meining ut av alt som skjer (nei, det er ikkje det same nei)
At eg er sjuk og skada gjer at eg må endre retninga eg går. Det treng ikkje å vere negativt. Eg sit i allefall ikkje att med den kjensla i dag.... Eg har vore på Vindkjegla og eg ELSKA det!

Yoga er for alle!

Det finnes ingen felle farligere enn illusjonen, ingen kraft sterkere enn yoga, ingen venn bedre enn kunnskapen og ingen fiende større enn stoltheten.
~Gheranda Samhita~

Å forklare korleis du vil oppleve yoga er som å fortelje deg korleis du vil oppleve ein matrett. Det er ulikt frå person til person. Vi er individualister og har ulik smak. Du et vel ikkje ein viss matrett fordi nokon andre tykkjer det er godt vel? Yoga må smakast på, utforskast, opplevast og vokse med deg. Nokon syntes det er rart og uvant i byrjinga, men er det ikkje slik med alt som er nytt?

Andre har sagt dei kjeder seg og byrjer å tenke på andre ting medan dei gjer yoga. Dette opplevde eg også då eg var på min første yogatime for 10 år sidan. Tankane flaug og eg ville berre komme meg derifrå så eg kunne få krysse ting av to-do-lista mi. Eg var stressa. Redd for å slakke ned tempoet og berre vere Ingeborg. For det var ikkje godt nok. Dessutan var eg stiv som ein pinne og klarte ikkje nå tærne mine eingong. Dei andre låg bretta i to langflatt på golvet.

Kva i alle dager er dette godt for, tenkte eg og kjente irritasjonen byggje seg opp. Eg var ukomfortabel og sint på meg sjølv. Kroppen ville ikkje lystre og eg hadde 1000 andre ting eg skulle ha fixa framfor å ligge på golvet og skjemme meg ut.
"Veldig bra!" "Pust ut og synk ned", yogainstruktøren la ei varm hand på ryggen min og på neste utpust trykte ho meg varsomt lengre ned i stillinga. Eg kvapp ved første berøring og kroppen min stivna, men når eg hørte dei milde orda og det lette presset slapp det noko i meg. Eg slappa av for første gang på lenge, og det i ei meget ubehagelig stilling. Kroppen sank lenger ned mot golvet og det gjekk opp for meg at pust og avslapping var det sentrale for å mestre stillingane.

I etterkant fekk eg mange nye yogaopplevingar. Eg fikk lære at det ikkje er stillingane som er målet, men sinnstilstanden ein har når ein klarer å gjere stillingane og samtidig slappe av. Hovudet ditt er så konsentrert om pusten, balansen og dei ørsmå muskeljusteringane at det ikkje er rom for noko To-Do liste. Gjennom ein heil time får ein ha fokus kun på seg sjølv, innanfrå og ut.

Det er vanskelig å forstå yoga utan å oppleve det. Begynn med enkle stillingar og leik deg med desse. Kjenn etter kva kroppen fortel deg medan du gjer det og ikkje argumenter i mot. La det som kjem komme! Vil du ha inspirasjon til kva stillingar du kan prøve så har mi fantastiske venninne Anette Røsandhaug masse inspirasjon og tips å komme med.

På Instagram heiter ho @yogaforde og der legg ho ut "dagens yogastilling" med beskrivelse. Dette er for det meste enkle stillinger som du som nybegynner kan leike deg med. Viss du har lyst på ei utfordring kan du legge bildet på din eiga instagramside og merke med #yogaforde. Då er du dessutan med i trekninga om å vinne eit 10 vekers yogakurs med Anette! Alle bidrag er gode nok, om du ser ut som ein trestokk eller ein ballerina, det spelar ingen rolle! Målet er DI oppleving av yoga!

Til slutt ei lita oppfordring: Anette har workshop i yoga kommande søndag kl 13-15 i Naustdal. For meir informasjon gå inn på Facebook og søk opp Yoga Førde.

Håper å sjå deg der!

HappyHuldri!

-Hina-Pina no er eg jaggu spente Beistet mitt!!

Huldri stig ombord i "romskipet" på Spenst. Skrekkblanda fryd ligg i tjukke lag i rommet. -Tenk om alt slitet ikkje har gjeve resultat?! -Kva om eg har gått OPP i vekt??! Huldri er nervøs. Frk Beist ler og ristar på hovudet. -Slapp heilt av, det er klart det har skjedd endringar, du har jo vore superflink!! -Du må ha litt meir trua på degsjølv!!!

Minuttet ombord i maskina går seint. Huldri svetter på hender og føtter. Pulsen stig i takt med pipinga frå måleinstrumentet. -Senk skuldrane, slapp av i armane, lukk auga and go to your happyplace!! Beistet snakkar rolig og lavt for ein gong skuld. Maskina slutter å pipe, og det vert nokre sekund stillhet før printeren skriv ut resultatet. The moment is here! Det er tid for å setje karakter på 2 månaders hardt arbeid!

-2,5 kg fett, +0,5 kg muskler og drastisk endring i viseralt fett (fett som ligg rundt indre organ). !!!!! Målinga lyg ikkje, og Huldri setter i eit gledeshyl så Frk Beist får gåsehud og propp i ørene!
-Steeeeeik ka brrrra da mann!! Gliser Huldri!
-Det er nett dette eg har sagt til deg vil skje om du er tolmodig! Frk Beist smiler og legg fakta på bordet i klartekst: -Når du endrer aktivitetsnivå og matvaner skjer det endringer i kroppen. Det tek tid før desse er målbare, så det gjeld å vere tolmodig. Når ein ligg i kaloriunderskot vil kroppen tviholde på vatn og fett så lenge den kan, dette er ei rein overlevelsesmekanisme. Men etter ei stund MÅ kroppen byrje å brenne fettet for å få nok energi. At du i tillegg klarer å byggje muskler viser at du ligg HEILT rett i forhold til matinntak. Ligg du for lavt vil kroppen bryte ned muskelmasse og spare på fettet,og ligg du for høgt vil du auke i fett sjølv om du også byggjer muskler. Huldri nikker og viser at ho forstår. -Tolmodighet da, ikkje nett mi sterkaste side, men la gå!

Huldri sperrer opp auga! -Der er Hanne!!! Ho veiver med armane, ivrig etter å vise ho resultatet. Hanne kjem inn på kontoret og smiler frå øyre til øyre, -Herregud så BRA Huldri! Dette er jo heilt RÅTT!

Hanne i Lien Helse på Spenst er ernæringsfysiolog og har laga ein matplan til Huldri ut i frå kva matvaner ho hadde frå før. Dei har innført små, enkle og smarte grep for å sørge for proteinkjelder i alle måltid, mindre sukker og meir fleirumetta fett. Creme Fresh er bytta ut med kesam, frukt med grønnsaker og bær og brødskiver med havregrøt/knekkebrød. Endringar som ikkje er altomveltande, men levbare for Huldri. Lørdag er framleis lørdag og kosedag. Men den begynner ikkje fredag og varer til mandag slik som før.
-Alle kan svelte seg ned 5 kg på 2 mnd, men vil du halde vekta nede er det små endringar og sakte vektnedgang som gjeld! 2,5 kg på 2 mnd er heilt perfekt! I dette tempoet er det over 10 kg på eit år!
Huldri klemmer Hanne og takker for god hjelp. -Dette er definitivt ein kjempemotivator til å halde fram! Opplegget funker og kroppen svarer!

Frk Beist og Huldri snakker litt om vegen vidare og avtaler gjennomgang av treningsprogram for å justere øvingar. Variasjon er viktig for å sjokke kroppen og stimulere til muskelvekst. -Eg gleder meg til trening no, dette er berre så fantastisk gøy!! Spenst har gjeve meg så mykje! Huldri lyser av takknemlighet og motivasjon. Så pakker ho veska si og småjogger ut døra. Møter, jobb, klevask, matlaging og familietid står på agendaen. Men også trening.

Eg kjenner ei god kjensle bre seg i kroppen min. Det er ufattelig gjevande å være ein del av dette. Å sjå andre mennesker trene og ete seg friske, sunne og positive, det er lykke det!

Det er jaggu ikkje berre eg som har eit Beist buande i meg! Huldri har eit stort monster av eit Beist sjølv, og det trur eg dei aller fleste har! Det gjeld å mate dette dyret med rett motivasjon, så kjem gleda, overskotet og resultata!

Eg vil forøvrig takke Spenst og Lien Helse for all kompetansen dei bidreg med i dette prosjektet! Det gjer motivasjonsoppgåva mi enklare, og Huldri sine forutsenader for å nå målet sitt større! :)

Ha ein strålande dag folkens!

Fru Sutremus er lett å lure!

Det mest slitsame med trening er den mentale kampen som pågår under økta. Fru Sutremus popper opp fra nowhere og begynner å gnelle. Høyrer du på henne er slaget tapt og du kan likegjerne gå heim og ta eit bad.

Trikset er rett og slett å lure Fru Sutremus. Ho er nemlig ikkje kjent for å være den smarteste av personlegdomane mine. Ho er nært beslekta "BlingeBorg" som er den forfengelige og jålete delen av meg. Det Frøken Beist (råskinnet mitt) gjer er rett og slett å "gleeeeeede" seg til beinøkta!

"Dette blir SÅÅÅÅ kjekt og morro dokke!!!!! Nesten som å være på FEST!!" ropar ho entusiastisk til dei andre personlegdomane mine. BlingeBorg kvikner til. Ho klapper med henda, dreg på seg den finaste tightsen ho har og finn ein matchande topp. Så smører ho på seg litt sminke og lagar ein riktig så prydande hestehale. BlingeBorg likar det som er morro skjønner du, og får ho pynte seg i tillegg er det reine julekvelden. På dette tidspunkt er ikkje Fru Sutremus å skue, og BlingeBorg trallar muntert i hælane på Frk Beist som har sett kursen mot Spenst Førde.

BlingeBorg sperrer opp auga når ho får sjå "discoteket". "Dette er jo reine torturkammeret!!!!!" Frk Beist gliser og blunker til ein gjeng med jenter som ser ut som dei ventar på nokon. Frk Beist er rett og slett eit geni, ho har nemlig alliert seg med andre Beist! Så når Blingeborg først er komen i "buret" er det ingen veg tilbake, trass i at også Fru Sutremus skrik av full hals at dette er faen så urettferdig!!! "Du går ikkje før du er ferdig og om du sutrer meir no, så blir det strafferunde!!" Frk Beist brisker seg og flyt på den heftige energien frå dei andre Beista! Ho ler ein ond latter, så er treningsøkta brått i gang!

Etter 4 runder i brennhett helvete på Synergyen med 11 beinøvingar og 10-12 repetisjoner per stasjon kan du tru at det var kamprop frå Fru Sutremus! Ho gaula alt i frå "sjølvmord" til "bakholdsangrep" og prøvde seg til og med med nokre trusler! På grunn av dårlig oppførsel og lite samarbeid vart det difor ei strafferunde på synergyen og nokre tilleggsøvingar slik at ho skal lære til neste gong. Du truar ikkje Frk Beist! DET lønner seg berre ikkje!!!

Vel gjennomført beinøkt med verdas herligste treningsgjeng kan eg konstantere at Frk Beist nok ein gong var den sterkaste av personlegdomane mine. Det skal seiast at det ikkje alltid er slik.... Men det smarteste av alt det smarte eg har gjort er å endre måten eg trener styrke på, fra tradisjonell styrketrening til meir spennande sirkeltrening med stasjoner med 10-12 reps per stasjon! Eg syntes også det er vanvittig DIGG at desse jentene også har hengt seg på og er like begeistra som meg! :) Di fleire Beist di lettare er lasset å dra!!

PS: viss du framleis ikkje tar poenget mitt, let me walk you through it Once again:
1) Lat som du skal noko gøy!
2) La jålebærta i deg få utfolde seg LITT !(dropp laust hår og magetopp, det er IKKJE sexy på trening)
3) Lag treningsavtale med nokon som er i omtrent like god/dårleg form som degsjølv!
4) Lag eit straffesystem, eller eit belønningssystem alt etter innsats!
5) Ros deg sjølv når du har vore flink!
6) Gjenta frå punkt 1) etter 1 dag kvile!

Yoga som treningsform?!

Du køyrer i 100 km i timen, mil etter mil. Dag og natt. Du stopper berre opp når du skal fylle drivstoff. Når du skal ete gjer du bak rattet med fullt fokus på vegen forran deg, og med musikk i bakgrunnen. Kor mange døgn trur du at du greier å halde det gåande?

Bilen må kjølast ned om natta for å greie dei lange etappane om dagen. Den treng olje, bensin og vatn, -og riktige mengder av dette. Kroppen din treng kvile om natta og treng på samme måte som bilen næring. Det syter du for gjennom fett, karbohydrat og proteiner.

At føreren av bilen er opplagt og våken er kanskje det viktigaste. Han skal styre bilen i høg hastighet gjennom svingete vegar time etter time. Kva pleie gjer du sjåføren av DIN bil? Veit du i det heile kven det er som styrer bilen din??

Den mentale helsa di er med andre ord viktigare enn den fysiske.
"Kva treningseffekt har eg av å trene yoga?", var det nokon som spurte meg ein dag. Eit banalt enkelt og ærleg spørsmål, som virkelig fikk meg til å granske meg sjølv. Eg vel å vri om på spørsmålet og stille det på ein anna måte: "Kva effekt hadde eg hatt av anna trening om eg IKKJE hadde hatt yoga i livet mitt?".
Svaret? Lite.....!

Yoga har lært meg å rasjonalisere tankar, kjensler og idear. Eg har blitt meir tolmodig. Eg har og blitt tøffare fordi eg stoler på meg sjølv. Eg lytter til kroppen min, både når den treng kvile og når den har behov for å bli pressa. Den impulsive jenta eg var før har blitt meir rolig og balansert. Livet mitt har fått eit perspektiv som ikkje var der før.

Så om du lurer på kva utbytte du har av yoga, så kan eg oppsummere det enkelt for deg: Det vil forandre livet ditt på alle måter om du let yogaen komme i blodet ditt, hjertet ditt og i sjela di. At kroppen din vert sterkare og meir fleksibel kan du sjå på som rein bonus! Du vil dessutan ha lettare for å konsentrere deg, du vil få meir energi, du vil være meir avslappa, du vil tåle meir smerte og kjenne deg gladere enn før ei økt.

Yoga er ikkje berre yoga. Yoga er som eit tre med lange røtter, bark, sevje, greiner og blad. Alle tre er ulike, på samme måte som alle som gjør yoga er forskjellige. Alle har sin eigen "stil". Nokon har behov for rolige og langsomme asanaer (yogastillinger) medan andre liker kraftfulle og fysisk tunge stillinger. Behovet for min del skifter etter humør og sinnsstemning. Nokre gonger står eg på hovudet, andre gonger ligg eg berre på golvet og puster. Yoga er MITT. Det er MI tid med meg sjølv. Eg gjer som eg vil, og når eg vil det. Eg søker inspirasjon fra andre som driv yoga og lærer både av erfarne og av dei som nett har starta reisa si. Eg er audmjuk for alle som har noko å dele, og tek i mot med åpne armer!

Den enklaste måten å bli kjent med Yoga på er rett og slett å prøve det. Men ikkje møt opp med ei forventning om "treningsutbytte". Yoga er først og fremst mental trening der du lærer å kontrollere pust, tanker og deretter kropp. Det er ikkje ein treningsform der du skal klare å stå på henda etter 5. økta. Det er ei reise gjennom deg sjølv der du lærer deg å ta kontroll. Litt etter litt er det DU som styrer bilen og ikkje bilen som styrer deg. Kroppen din tek deg nemlig dit sinnet ditt vil!

I Førde har Yoga blomstra dei siste året, og ingenting gleder meg meir! At fleire har fått augene opp for det enorme livsutbytte Yoga gjer er fantastisk!

Om du ikkje har mulighet til å gå på faste yogatimer, vil eg på det sterkaste anbefale deg eit kurs! Dette vil gje deg ein trygg start, og du kan deretter utforske vidare sjølv...

Anette Røsandhaug driv Yoga Førde. Ho er ein fantastisk dyktig instruktør og held kurs i heile sunnfjord. Ho har lang erfaring og utdanning innen Yoga og vert glad om du søker opp "Yoga Førde" på Facebook og liker sida hennar. Der finn du kontaktinformasjon, prisar og mykje deilig yogainspirasjon! Du kjem aldri til å angre på at du utvider horisonten din med Yoga!

Anette Røsandhaug fortel:
gjennom yoga asana og pust aukar ein cellefornyinga som reduserer kroppens restitusjonstid og gjer det til ideel tilleggstrening for dei som driv mykje med anna trening som styrke og/eller cardio. Yoga fjerner unødig stress fra nervesystemet og virker betennelsesdempande. Skal ein snakke om alle fordelane i yoga, både mentale og fysiske må ein skrive bok, etter bok, etter bok;) Og akkurat som Ingeborg skriv, det er DI tid i DIN kropp og DIN pust. Til å elske og nyte!

Mindre fett og meir muskler over natta!

Om du er ute etter ein superkur for å få kroppen du ønsker deg så må eg nok skuffe deg. Å jobbe for å få ein sterk og sunn kropp er ei fulltidsstilling, og det er berre EIN person som kan gjere denne jobben for deg. Eg snakkar ikkje om ein PT, ein ernæringsfysiolog eller ein blogger du følger med på. Eg snakker om degsjølv! DU må ta ansvar!

"Når kan eg forvente å få resultat om eg byrjer å trene styrke?". Nokon har sagt at det ikkje finnast dumme spørsmål, berre dumme svar. Det er pisspreik. For dette spørsmålet er noko av det dummaste og mest provoserande spørsmålet eg veit om!

Du får ikkje resultat av å gå på trening annakvar dag i ein månad og tru at kroppen din vil svulme ut og skrumpe inn på dei rette stadane over natta. Om du ikkje har tenkt å gjere dette til ein livsstil så kan du likegjerne la vere. Helsegevinsten av ein månad med BLODSLIT, stress og muskelverk har truleg motsett effekt på kroppen din enn du hadde tenkt viss du gjer deg etter ein månad. Og det kjem du garantert til å gjere om du går inn med ei innstillig der du skal sjå resultat etter 4 veker. Vekta står på staden kvil, så kva er vitsen??

Det er 1,5 år mellom desse 2 bildene.

Det tek TID å byggje muskler. Og takk og pris for det! På 4 veker er du så vidt starta på reisa di. Du har eit hav av treningstimar forran deg, 1000vis av øvingar du kan velge i og uendelig mange flotte treningsformer, treningspartnere og treningsgleder å sjå fram til!

Prøv å sjå forbi kroppen din oppi det heile. Vekta di speler vel for faen inga rolle vel?! Du TRENER! Du har ein kropp som fungerer! Sett PRIS på den! ELSK den! UTFORDRE den!! NYT å bruke den!!

Resultata kjem når du drit i resultata og koser deg på trening. Når du presser deg sjølv gong på gong forbi smerten din fordi kroppen har byrja å like det, og du har blitt avhengig av det. Så om du er på 4. veka no, så hang in there. Alle som har fått "resultat" har vore der du er no. Og dei har fortsatt. Ser det ut som dei hatar å trene? Kroppen og sinnet venner seg til det den vert utsett for ofte nok. Så bit tenna saman, fokuser på helsegevinsten og keep going!

KILL your ASS!

Gluteus Maximus er den største muskelen på kroppen, men ofte den muskelen som får minst merksemd på trening. Vil du ha sprettrompe til sommeren hjelp det ikkje å springe på mølla. Du må løfte tungt og aktivere rompa!

Som den sirkeltreningsfreaken eg er, så kjører eg dette programmet 2 gonger i veka. Eg har akkurat nok dager kvile i mellom til å få normal gange att den siste dagen før ny beinøkt! No pain no gain!

Eg liker å begynne med dei tyngste løfta først, og få pulsen skikkelig opp på slutten. Denne runda tek 5-6 min, og gjer meg nesten maxpuls på siste stasjon. Eg har ingen pause mellom stasjonene! Ca 4 min pause mellom rundene og 4-5 runder totalt :)

Hipthrust:
10 stk, 50 kg.
Løft stanga opp med hoftene. Stram rompa alt du kan og hold et par sekund på toppen. Prøv ulike varianter av denne til du finner en måte som tek best på rompa. Eg liker best å ligge flat på golvet med stram strikk rundt knea. Press knea utover når du løfter opp.

Strake markløft:
10 stk, 50 kg.
Senk stanga rolig ned så du kjenner det "river" i bakside lår. Dra eksplosivt opp.

Step ups:
20 stk, ha tunge manualer (10kg) og gå opp med annakvar fot.

Det skader ikkje med litt mage som pauseøvelse. 10 kabeldrag med 16-18 kg er eit deilig avbrekk på syrefesten i beina!

Gåande utfall
20 stk, 12 kg manualer.
Dette er definitivt HATøvelse nr 1! Det brenn i låra!! Gå med laaaaange steg, og seigpin degsjølv...

Knebøy
10 stk, 30 kg
Senk rolig ned, press knea utover, gå eksplosivt opp og press stanga over hovudet.

Squatjump:
10 stk, 8-12 kg ball/manual.
Gå ned i en knebøy med vekta inntil brystet. Gå eksplosivt opp og legg på eit hopp med ballen over hovudet.

Eg kjenner eg gru-gler meg til denne økta i morgontidleg. Gler meg til å treffe den herlige synergy-gjengen som har hengt seg på øktene mine, og grur meg litt til sjølve økta... Det er utrulig gøy å trene på denne måten saman med nokon, ein presser seg meir enn om ein er aleine, og det vert dessutan litt tull og fjas i pausene mellom rundene :)

Superhuldri!


Dei femten første treningsdagane er unnagjort. Huldri har fått smake både gangsperre, muskelverk og drypande sveitte. Men ho har òg fått oppleve treningsglede, fellesskap og kva det vil seie å presse seg sjølv.

Motviljen til å trene på treningsstudio har gått over i iver etter å knyte nye treningskjennskap, og allereie etter dag to utveksla ho telefonnummer med andre «ferskingar». Frykta for å ikkje vere god nok i andre sine auger har òg bytt plass med å jobbe ekstra hardt når nokon ser på, kanskje spesielt mannfolk.

? Huldri likar menn skjønar du, og dei skal ikkje få sjå ei Hulder som gjev opp, dei skal få sjå ei Hulder som gjev ALT!

Ho ler, tørker sveitten i panna med eit papir og blunkar til nærmaste mann. Det var visst ikkje så farleg å trene på treningsstudio som ho først hadde trudd!

Det enkle ER det beste! ? Dei to første dagane var sirkeltreningar? Eg greidde nesten ikkje å gå i trappa vår heime etterpå! Eg sleit meg opp i andre etasje, og måtte gå eitt og eitt trinn ned att? Eg var så sår og vond i muskulaturen at ein skulle ikkje tru musklane mine hadde vore i bruk sidan eg spratt ut or livmora til mor mi for snart 40 år sidan! Likevel kom eg meg av stad dagane etterpå, for Beistet seier du ikkje nei til, og Huldri har jo konkurranseinstinkt, ler ho.

For å gjere treninga til Huldri variert og morosam har eg introdusert ho for sirkeltrening. Huldri har ikkje eit hav av tid til å bruke på trening, så øktene må vere korte og effektive. Når ein er nybyrjar er det ikkje berre å smelle eit avansert heilkroppsprogram i bordet, og rekne med at ho skal halde motivasjon og teknikk ved lag over tid. Ved sirkeltrening brukar ein eiga kroppsvekt eller lett belastning. Ein tek 10 repetisjonar før ein går til neste stasjon. Eg legg opp til 7-8 øvingar per runde, 2 min pause mellom rundane og i alt 4 rundar. På denne måten får Huldri ein mjuk overgang til styrketreninga. Skaderisikoen er liten og dei korte arbeidsperiodane er ein stor motivasjonsfaktor.

Kvifor styrketrening? ? Kvifor er det så viktig med styrketrening Beistet? Eg vil jo ikkje bli STØRRE for å seie det slik! Huldri snører av seg skoa, tek ein slurk av vatnet og ser spørjande på meg.

Eg tenkjer meg om og lurer på kva for ende eg skal byrje i.

? Styrketrening er viktig først og fremst for å byggje ein sterk kropp som tåler dei daglege påkjenningane vi vert utsett for. Før i tida hadde ein gjerne meir fysisk krevjande arbeid, til dømes på gardane. Då brukte dei muskulaturen gjennom mellom anna tunge løft. I dag har mange stillesitjande jobbar og musklane visner difor vekk. Dette påverkar den fysiologiske forma vår. Vond rygg, leddsmerter, søvnproblem, og beinskjørheit er berre nokre av plagene som styrketrening har vist seg å ha effekt på. Med auka muskelmasse får ein og høgare forbrenning og ein kan difor ete meir.

? Meir mat?! No snakkar du eit språk som Huldri liker!! Ho sperrer opp auga og vil høyre meir.

Eg klarer ikkje å skjule smilet mitt, men held fram i ein seriøs tone.

? Viss du for eksempel er 75 kg og har 20 kg feitt på kroppen har du ei viss forbrenning. Om du aukar muskelmassen din med 5 kg og går samtidig ned 5 kg i fett, vil du likevel vege 75 kg. MEN musklane tek mindre plass enn feittet og er fastare i form. Du vil difor sjå mindre ut og føle deg strammare! Du kan dessutan ete meir mat fordi du forbrenn meir både ved kvile og aktivitet enn om du ikkje trenar styrke! Huldri lyser opp.

? Vi tek ei ekstra runde i dag, eg skal ha eit glas raudvin i kveld! Eg ler og klistrar på meg Frk. Beist-ansiktet mitt. Huldri sparkar allereie på boksesekken som om ho har fanden i hælane. Noko Hulk vert ho nok aldri, men fortset ho å trene styrke i dette tempoet risikerer ho å bli ei Supergirl, det er eg viss på!

Vær ditt eige Beist!!

"Skulle ønske eg hadde litt av di viljestyrke!!!". Denne setninga høyrer eg ofte. Viljestyrke til kva??? Å ville ditt eige beste? Å trene og ete sunn og deilig mat?? Kva er det som er så vanskelig??!

Eg trener ikkje hardt og et sunt fordi eg har ei sterk vilje. Eg kjempar meg ikkje gjennom måltid som består av havregraut, skyr, frukt og bær. Eller kylling, salat og ris. Dette er HEILT naturlig for meg å ete og har ingenting å gjere med viljestyrka mi. Eg er blitt avhengig av daglig mosjon. Nokon dager har eg masse energi og pryler kroppen min, andre gonger tek eg lette økter. Men ja, eg trener kvar dag. Ikkje for å straffe meg sjølv fordi eg hater kroppen min. Men for å halde meg fysisk og mentalt sterk. Og fordi eg liker å bruke kroppen min.


Eg er ein stor egoist og eg digger å pleie det store egoet mitt. Kven gjer ikkje det?? For meg er det ekstremt tilfredsstillande å planlegge og gjennomføre ei økt - samme kva det skal vere. Eg strekker meg for å gjere det bedre enn planlagt: løfte LITT tyngre, ta EIN repetisjon meir eller springe LITT fortare enn planen. Frøken Beist håner Fru Sutremus når dei i løpet av økta har krangla om intensiteten i treninga, og Frk Beist vinn. Då skyller endorfinane gjennom årene mine og eg veit at det blir en jækla bra dag!

For Frøken Beist er heilt rå. Ho gjer seg ikkje, ho er sterk, og det er HO som har viljestyrka og pågangsmotet til å drive meg framover. Men eg har mine svake punkt eg og -som alle andre. Fru Sutremus er alltid med. Når det byrjer å gjere vondt i muskulaturen så vert stemma hennar høgare og høgare. "Du treng ikkje gå den siste bakken, berre snu her!", "Viss du løfter meir no, så skader du deg sikkert for dette er så vondt!!".

Det handler om å slå av tankane og la kroppen jobbe. Tenk i tidsperspektiv! Det er over på eit blunk!!! "Berre 10 sekund att!!", "Komigjen, ta 3 repetisjoner til!!!"

Tenk deg korleis sjølvkjensla di vert om Fru Sutremus vinn kontra Frøken Beist. Korleis vert resten av dagen? Har du lyst å føle deg mislykka eller vil du vere "on Top of the world"? Kven bestemmer korleis du skal føle deg???
Riktig!
Det er opp til DEG! DU bestemmer! Dette har ingenting med viljestyrke å gjere! Det har med instilling og et ønske om å ville seg sjølv det beste. Du har, som eg, ei Sutremus og eit Beist buande i deg. Kven av dei som skal få rope høgast er det DU som avgjer!

Oppgåva di er å sette krav og mål som DITT Beist kan nå. Ho må strekke seg for å klare dei, men dei må være oppnåelige og innen rekkevidde. Dess fleire gonger Beistet ditt klarer oppgåvene sine, dess større vert egoet hennar. Gjer du dette nok gonger er ho dobbelt så høgrøsta som Sutremusa di, og du vil merke framgang både fysisk og mentalt.

SÅ: slutt å sammenligne deg med andre og start di eiga reise! DU har viljestyrke du og! Vær ditt eige Beist!!!

Foto i oransje topp: Kristin Oldeide, Studio Glimt, Måløy.

Huldri si Overkroppsøkt!

Det treng som sagt ikkje ta timevis å kjempe seg gjennom ei treningsøkt. Huldri bruker ca 45 min, og då er ho ferdig trent! Ho har 2 overkroppsøkter og 2 beinøkter i veka, ein valgfri kviledag og 2 dager med valgfrie aktiviteter. Det einaste Beistet krever er at ho logger øktene sine og øker i intensitet/belastning/repetisjoner for kvar veke.

Overkroppsprogrammet er eit sirkeltreningsprogram der ho skal gå frå den eine øvinga til neste utan pause. Ho skal ta 8-12 repetisjoner per stasjon. Når ho har kome gjennom alle 10 stasjonene har ho 3-4 min pause før neste runde, og ho skal i alt gjere 4 runder.

Siderotasjon. Husk: strake armer, roter frå side til side i rolege og kontrollerte bevegelser. Du kan vri foten på diagonal side innover. Denne kjenner du godt i ryggen.

Skulder/tricepspress. Legg på meir vekter på denne øvinga. Press stanga opp, strekk ut armane og senk ned på motsett skulder. Du skal kjenne at du bruker baksida av overarmen (triceps). Husk å stramme magen godt!

Ståande roing: ha strake bein, len deg bakover, stikk rompa ut og sjå for deg at du svaier ryggen. Dra albogane bakover, press brystet fram. Du kjenner denne i ryggstrekkarane og i biceps.

Bicepscurl: hold albogane inntil kroppen og dra stanga opp og inntil brystet. Senk rolig nedatt.

Dips: bruk gjerne hjelpestrikk her. Len deg litt framover og press knea bakover. Senk deg rolig ned og eksplosivt opp. Pass på at du ikkje senker deg for langt ned (ikkje over 90 grader i albueleddet) Denne trener både triceps og bryst.

Facepull. Pass på at kabelen er i ansiktshøgde. Bruk gjerne tau i staden for stang her. Stå litt breitt med beina, len deg bakover og dra hardt mot ansiktet. Press skulderblad saman og hold. Senk rolig tilbake.

Nedtrekk: lås låra i putene, len deg litt bakover og press brystet opp og fram. Bruk smalt grep og dra ned til brystet. Hold og senk rolig oppatt. Kjenn at du har kontakt med musklane oppe på sida i ryggen (latsen)

Pullups: sett foten inni hjelpestrikken og dra deg hurtig opp. Hold igjen på veg ned. Ta så mange reps du klarer!

I tillegg skal ho gjere 10 armhevingar per runde.

For å sikre at ho har framgang skal ho enten ta ein ekstra repetisjon eller legge på meir vekt kvar veke. Klarer ho feks 8 reps på roing med 20 kg på stanga skal ho auke til 9 reps veke 2 osv. Når ho har kome opp i 12 reps skal ho legge på nok vekter (feks 5 kg meir) så ho berre klarer 8 reps att.
På denne måten byggjer ho muskler og gjer cardio på samme tid. Win-win med andre ord!!!

Det fine med denne treningsforma er at ein kan vere fleire saman om det. Det er motiverande, sosialt og gøy å kjøre samme program. Det gjer ingenting om ein starter på ulike stasjoner og tek neste der det er ledig! Det har heller ingenting å sei kva form du er i, du jobber individuelt i ditt eige tempo med den belastninga som er rett for deg :)

Eg trener sjølv på denne måten og har aldri hatt det meir morro og på samme tid slitsomt på trening. For meg er dei korte arbeidperiodene med høg puls og tunge løft ein fantastisk kombinasjon! Viss du ikkje har prøvd sirkeltrening vil eg anbefale det på det sterkaste! Spenst kjøyrer gruppetimer med instruktør på dette og kaller det "Synergy". Einaste forskjellen her er at ein jobber med litt lettare belastning i 45 sek før ein bytter stasjon. Legg til høg, tøff musikk og ein instruktør som veileder, motiverer og pepper deg, så har du alt som skal til for å få ei fantastisk treningsoppleving!!!

Våt Kyllingsalat!

Lunsjen er kanskje det måltidet som går litt i gløymeboka før du står der i butikken, med lavt blodsukker og en hig etter dei nystekte kanelbollane. Trener du mykje får du ikkje resultat om du ikkje et rett. Ha difor fokus på å få i deg mest mulig protein og ha enten karbohydrat eller fett vedsida. Kroppen bruker dessutan meir energi på å fordøye protein enn karbohydrat/fett.

Dette er ei fettfattig måltid der kyllingen er proteinkilda og mais + rugbrød er karbokilda. Et mest mulig grønnsaker, det fyller opp magen og er lite kalorier i. Og Nei, det tek ikkje lang til å førebu lunsj. Vanskelig er det heller ikkje.

Første bud er å alltid ha ei kjøttkilde i kjøleskapet. (Ikkje pølser altså) Eg bunkrer opp frysen når eg kjem over gode tilbod, og tek ut til tining om kvelden. I dag tidlig var det kylling eller strimla svinekjøtt eg kunne velge i. Det vart kylling.

Altså: hakk opp ein halv løk, kok den i 2 dl vatn i ei steikepanne, ha oppi strimla kylling og tilsett krydder. Eg elsker tikka-krydder, eg bruker ein halv pakke til 2 fileer. Kok under lokk i 5 min, ta av lokket og kok vidare. Når væska har begynt å koke inn (ca 5 min) er kjøttet gjennomkokt.

Og kva gjer du medan du ventar? Jo, du hakker opp grønnsaker og finn ei karbohydratkilde! Her vart det kinakål, tomat, mais, litt eple, grønn paprika og ei skive rugbrød :)

Dette tok meg 15 minutt :) LITT kjekkare med dette til lunsj enn seige kneippbrødskiver med svett brunost! Morgendagens DEG vil takke deg om du gidd å bruke 15 min på kjøkkenet i kveld! Legg gjerne oppi en artig lapp i samme slengen!
Bon Apetit! ;)

Tips: om du syns det er kjipt å hakke løk og grønnsaker, så få kidsa til å gjør det! Bestikk dei med is! (Som er frossen fun light i plastbeger)

Mat-Beist!

"30 % av jobben gjer du på trening, 70 % av jobben gjer du på kjøkkenet." Dette er et velkjent ordtak. Jobben på trening er grei, der veit ein gjerne kva ein skal gjere. Viss ein ikkje har eit Beist til å hjelpe seg, så har ein i det minste ein annan plan: eit treningsprogram ein følger, eller ein saltime ein går på. Det er værre med jobben på kjøkkenet. Ihelsvolten etter å ha blitt piska rundt på trening er det lett å ty til det første og beste ein finn når ein stuper glupsk inn i kjøleskapet. Og då et ein gjerne feil mat og altfor mykje. I motsett ende av skalaen er dei som skal gjere ei totalomvelting i livet og byrje å trene og slutte å ete samtidig. Det ender med at kropp og sinn får sjokk, og at ein sprekk fullstendig etter kort tid.

Så kva skal ein egentlig ete i løpet av ein dag? Her er det mange svar og ingen fasit diverre. Det kjem an på målet ditt, aktivitetsnivået ditt, og om du har sjukdommar å ta hensyn til. Det som ER sikkert er dette: kalorimengda du putter i deg må stå i stil med det du forbrenn, viss ikkje legg du på deg (om du et meir), mister muskelmasse (om du et ALTFOR lite) eller mister fett (om du ligg litt på underskot). Så om du har planer om å nå eit konkret mål MÅ du vite kva du skal ete, det hjelp ikkje "berre" å trene.

Det har seg slik at fordelinga mellom fett, protein og karbohydrat i kosten din spelar ei rolle på korleis kroppen din formar seg. Har du kontroll på dette og i tillegg trenar målretta over tid vil du oppnå målet ditt! Enten det er å bli sterkare, få meir muskler eller stramme opp kroppen din.

Frøken Beist har som mål å ete masse mat og NIKOSE seg utan å gå opp meir i fettmasse. Etter at Fru Sutremus vart tuppa på hovud og ræva ut av huset i haust viser vekta pluss 7 kg på 3 månader. Og Frøken Beist er nøgd med dette! Eg et MYKJE mat, men eg trenar også relativt hardt med høg intensitet 5 dagar i veka. På bileta over ser dykk alle måltida mine i løpet av ein dag.

0730 og 1400: havregrøt med proteinpulver, skyr og bær.
1100: 3 knekkebrød med egg, skinke og kaviar
1800: 200 g kylling med ris og grønnsaker
2200: bær, cottagecheese og frø/nøtter.

Det TRENG ikkje stå mellom å være tynn eller trykke i seg masse junk-mat. Eg et den maten eg liker, men eg er bevisst på å få i meg proteiner i alle måltid. Eg bruker proteinpulver i grøten min, noko som er ei billeg og smakfull proteinkilde. På Spenst får du 3 kg pulver med sjokolade eller jordbærsmak til 599. Dette varer lenge!
Skilnaden på junkmat og "rein" mat er i grunnen at du kan ete MEIR av den reine maten for å komme opp i same kalorimengd som den energitette pizzaen. Teoretisk sett er det det samme om du får feitt, karbohydrat og protein frå hamburger, eller frå kylling og ris. Men det er vanskeligare å få fordelinga rett!

Mitt tips er difor å ete "reint" i vekedagane og ha ein kosedag på laurdager der du et hamburgeren/pizzaen eller kva du måtte ønske!

(Foto Tiril Hjelmeland)
Huldri har fått time hos Lien Helse (som held til på Spenst) Hanne skal kartlegge Huldri sine matvaner og gje ho tips og råd på kva ho bør ete for å komme i enda betre form. Hanne er utdanna ernæringsfysiolog og er kreativ og dyktig på matfronten :) Eg trur eg gler meg like mykje som Huldri til å sjå kva dei kjem fram til!!
Fortsettelse følger :)

TreningsHuldri!

20 dager har gått og eg må seie meg imponert av Huldri. Ho gasser på og gjer som ho blir beordra til. Det liker alle Beist! Eg tenker at ho kan roe litt ned med all "møllinga", så ho ikkje slit ut både Hulder og hofter før vi har starta! Dei første 14 dagane ville eg nemlig bruke til å sjå kva som budde i Huldri, både av krutt på trening og motivasjon. Ho har melda meg kvar dag med spørsmål og oppdateringar, og ein ting er i allefall på det reine: denne dama kan tekste!

Huldri er med andre ord grundig på logging av treningsøkter og sender det på sms til meg. Dette er lurt av henne:
1) Huldri hugsar kva ho har gjort frå dag til dag (noko som ikkje alltid er så lett å hugse, sjølv for eit Beist)
2) Huldri får skryt for det ho har gjort, noko som motiverer henne til å jobbe vidare.

Før gjerne treningslogg sjølv, der du skriv kva du har gjort og korleis det kjentes ut etterpå! Det kan vere eit nyttig redskap om du skal komme i form! Du kan konkurrere mot degsjølv og feks kjøre litt tyngre vekter/fleire repetisjoner om du trener styrke eller gå/jogge distansen din litt fortare for kvar veke!

Huldri har eit beinprogram og eit overkroppsprogram som ho kjører annakvar gong 4 gonger i veka. Dei andre dagane er valfrie aktiviteter: Basisball, zumba (som ho har valt vekk, men som eg skal lure ho med på), tur på Solheim ell.

Vi kjem nærmare tilbake til treningsprogramma, om du er interessert i å vite litt meir om desse ??

NYTTÅRSFORSETT!

Gud hjelpe meg. Eg trudde faktisk ikkje eg skulle begynne å blogge att. Eg var GANSKE lei av megsjølv i haust, og det tipper eg mange av dokke andre var og! Fru Sutremus okkuperte store deler av kroppen min døgnet rundt, og eg var sikkert ikkje den mest trivelige jenta å tilbringe tid saman med. Wonder why eg var så mykje aleine liksom...?

Men, men, spist er spist og den tid er forbi, det er i allefall HEILT sikkert! No digger eg å trene på overskudd, le, drikke vin viss eg vil, vere saman med folk som eg er glad i og rett og slett nyte livet. Eg tenker at tida vår på denne jorda er begrensa, det har mange så vondt fått merke på kroppen i 2013. Sjølv om eg ikkje har mista nokon som står meg nær, vert eg likevel prega av å sjå menneske som lid tapet av nokon dei er glad i. Det får meg til å setje mitt eige liv i perspektiv.

Kva er det vi kjempar for? Kven kjempar vi for? Kva er det som gjer meg lukkelig?

Svaret er såre enkelt.

Vi kjempar for å kjenne oss aksepterte og sett opp til av andre. Vi tek difor på oss ei maske og strekker oss for å leve opp til forventninger som vi TRUR er der. Har du nokon gong tenkt over at det er du sjølv som lager disse krava? Då kjem neste spørsmål: Kven kjempar du for? Er det for deg sjølv? Eller er det fordi du vil at andre skal sjå deg "i eit betre lys"? Kan det hende at du ikkje er glad nok i deg sjølv til å berre vere deg sjølv? Eg tipper dine kjære er like glad i deg uansett! Så kjem millionkronersspørsmålet:

Kva gjer meg lukkelig??

For meg er det i allefall HEILT sikkert at det ikkje er ein fettprosent på 8 som skal til. Eg er på mitt aller mest lukkelige når eg har hatt ein travel dag på jobb med masse å gjere, etter ei god treningsøkt, etter å ha gjort noke kjekt med ungane og dei ler koser seg, etter ei god og ærlig samtale, etter ein tur med mannen min, eller når vi har funne på noko kjekt med venner eller familie.

Lukke har for meg ingenting med kropp å gjere, og om du tenkjer deg om - så har det truleg ikkje det for deg heller. Lukke er å kjenne seg akseptert og elska. Eg har lukke i bøtter og spann i livet mitt, og eg vil ikkje kaste vekk desse gode stundene på å ha dårleg samvit for å ikkje strekke til.

Mitt nyttårsforsett er difor: Fuck it, eg er god nok som eg er!

Når dette er sagt seier eg aldri nei til et godt prosjekt.......



Foto: Roy Sunde, Fylkesmagasinet.

Huldri aka Helena Bremer utfordra meg til å hjelpe ho med å halde SITT nyttårsforsett. Nemlig å komme i betre form ved å implementere nye vaner i kvardagen hennar. Ho slit som dei fleste andre med å få tid til alt. Det er vanskelig å motivere seg til å gå på trening etter ein travel dag på jobb, og ho er ikkje sikker på kor sunt ho et.

Eg har sagt ja til å hjelpe ho til å komme inn på rett spor. Mi oppgåve blir å motivere, rose, gje ho tips til endringar i vaner, mattips og vere treningspartner eit par gongar i veka. Målet til Helena er å auke livskvaliteten, få meir overskot og gjerne springe Hafstadfjellet på 40 minutt!

Startskotet gjekk 1. januar, og Huldri er no under pisken til Frøken Beist!

Følg oss gjerne på denne bloggen og få inspirasjon, motivasjon og tips du og!

Men husk: gjer dette fordi det er bra for helsa di, ikkje fordi du trur det vil gjere deg lukkelig. Lukke ligg i omgjevnadane dine, ikkje i kroppen din! :)




 

Girls Night Out!

Sidan det var eit halvt år sidan sist eg var på fest, samla eg saman eit knippe av alle dei gode venninnene mine til ein samankomst.

Det var kjekt å pynte seg skikkelig att, og eg kjenner meg ikkje lengre som eit spøkelse i tights. Har lagt på meg 4 kg etter NM, men mykje av dette er sjølsagt berre vatn.

Anyways, eg et det eg har lyst på no, men eg held meg til proteinrik mat men meir fett og karbohydrat enn på dietten. Eg kjenner kroppen er veldig godt fornøyd med det valget!

Det er ein kjapp sak å lage til fest når alle har med seg ein rett kvar. Vi fekk eit spennande og variert tapasbord som eg kjem til å drøyme om lenge!!
Etter 4 mnd med einsformig diettmat og lite sosial kontakt med omverdenen var det heilt fantastisk med en sånn kveld! Eg var trøtt i 3 dager, men det var definitivt verdt det :)

I MÅL!

Endelig var dagen komen og eg gleda meg VILT til det som skulle skje! Dagen starta i senga med deilig frukost; kylling og ris...

Dragqueensminke og hårkrølling vart gjort på hotellet.

Det pøsregna ute, så dusjhetta kom godt med. Folk i gatene glodde som berre det, men kven bryr seg vel om det når man er i storbyen??

Synnøve og Signe var meir spente og nervøse enn meg...

På konserthuset vart eg spraya med ytterligere 2 lag med bruning. Etter sprayinga måtte eg stå til tørk på eit lite rom med andre som hadde spraya seg. Jenter og gutter stod nakne om kvarandre og heldt henda på eit lavt, rundt bord. Henda på bordet fordi lats og triceps ikkje skulle berøre kverandre. Litt kleint å stå å smalltalke med nakne gutter, men eg var heldigvis førebudd på dette. Eg hadde nok fått sjokk viss ikkje...

Etter ein halvtime til tørk var eg tørr nok til å få på bikinitruse og topp. Teamet mitt delte rom backstage med eit anna team. Her ligg vi og slapper av og gjer siste førebuingane før vi går på scena...

Oppcarbing, sminking, krølling, ligge med beina høgt....

Det er mykje venting på slike arrangement, men det er rart med det: når det er din tur å gå på scena vert det travelt: du skal varme opp, lime fast bikini, ta ein støyt conjak og oljast inn...!

Eg legg ved alle bilene eg fann av megsjølv fra forbedømminga.

Om eg er skuffa fordi eg ikkje gjekk vidare? Ja, det er eg... Formen var bedre enn i Stavanger og eg har virkelig jobba knallhardt for dette. Det har sjølvsagt også dei andre jentene, så sånnsett fortener alle finaleplass. Eg fekk knallgode tilbakemeldingar på fysikk og form, men bikinien framhever dessverre ikkje dette nok.

Litt skuffa måtte eg ha meg ein halvtime for meg sjølv i eit hjørne... Eg var utslitt og lufta gjekk fullstendig ut av meg. Det var godt å la Fru Sutremus få fritt spillerom, før eg stengde ho inne igjen og henta fram godt humør for å peppe opp dei som skulle i finalen. Eg tenker at eg har kjempa ein tøff kamp som eg har vunne. Eg er i mitt livs beste form, og den er mykje bedre enn i fjor. Eg har all grunn til å være stolt av det eg har oppnådd, finale eller ikkje.

Eg heldt meg backstage med Teamet mitt til finalene begynte. Då satte eg meg i salen for å heie og kose meg med..... trommevirvel: yoghurt med honning, nugatti, gresskarkjerner og konjakk!!! Hehe, eg hadde ikkje trudd dette kom til å være det første måltidet mitt!!

Etter finalene kjøpte vi med oss sushi på veg til hotellet... Dette hadde eg virkelig gleda meg til!!!

Og jentene var plutselig klar for fest!!

Eg var sliten og tok det ganske piano på byn. Klokka 07 var eg på plass i frukostsalen, og kl 10 var eg klar for ei runde til - denne gangen med søstrene mine :)

Eg skal no ha fri nokre dager for å ta med Thea og Leanna til Ålesund og besøke familie. Det skal bli godt å endre fokus... Men eg kjenner det er litt rart og. Dette er ei vanvittig opplevinf å sjå attende på og kjenslene eg sit att med er veldig blanda. Eg var utslitt i jobben min i april/mai, etter 5 år som innkjøper og distrikttsjef for Vero Moda. Med 2 små unger, masse ansvar og uendelige arbeidsmengder kombinert med fleire og fleire reisedøgn (på det meste 20 på ein mnd) så klarte eg ikkje presset meir og sa opp jobben i mai. Å begynne på nazidiett og oppkjøring til Fitnesskonkurranse i juni var ekstremt dårlig timing for den mentale helsa mi. Det ser eg no i etterkant. Eg er dessverre såpass sta at har eg sagt eg skal noko, så gjer eg det. Og det har kosta. Difor kan eg kanskje være ekstra stolt av resultatet. Di meir ein må ofre di større er mestringskjensla når ein oppnår målet sitt. Det er kontrastene i livet som gjer dei store opplevingane, og dette har virkelig vore ei oppleving som vil setje spor i meg livet ut.

Eg har mange eg vil takke, som har stilt opp for meg gjennom denne perioden:

Ole: du har forstått at det ikkje er vits i å snakke meg frå dette, og du har tilrettelagt slik at eg har fått kjøre mitt løp. Du må virkelig være glad i meg som held ut med Sirkus Sutremus/Beist i 4 mnd... Eg elsker deg og er uendelig glad for å ha ein mann som deg som livspartner!

Signe og Synnøve: tusen takk for at dokke blei med til Oslo og heia og støtta meg! Kjekt å dele denne opplevinga med nokon som står meg så nær ! Utrulig glad i dokke!!

Elisabet: tusen takk for coaching og gode råd trass i at du sjøl går på tøff diett! Gler meg til å sjå deg i toppform i Arnold Classic!!

Terje: snille, gode bamsekompisen min som motiverer meg og hjelper meg med posering! Hadde aldri klart det uten deg :)

Heidi: hjertlig takk for deilig hudpleie, for negler og vipper. Du er ei fantastisk herlig dame som eg ser fram til å henge meir med framover :) Bruk Clinique1 i Førde om du skal unne deg hudpleie, hårfjerning, juvederm, negler, vipper.

Venner, familie og kollegaer: takk for at dokke har vist forståelse for at eg virkelig VIL dette, og støtta meg i det. Eg har vore ekstremt asosial denne gangen og prioritert søvn framfor bla å gå edru på fest. Eg har vore fraværende mentalt og inne i mi eiga boble. No gler eg meg til å sosialisere att!

Tusen takk også til alle eg ikkje kjenner som har backa meg opp gjennom bloggen, Facebook og instagram! Eg set og uendelig pris på alle som har komt innom meg på jobb og fortalt at dei følger med på meg fordi eg inspirerer :)

Tilslutt vil eg takke Spenst Førde og alle dei gode folka som befinn seg der for å ha gjett meg klapp på skuldra, smil og motivasjon på kver einaste økt eg har hatt! Eg ELSKER dette senteret og kan ikkje sei nok kor stolt og glad eg er for å få jobbe som instruktør der.

Innveiing, dagen før dagen...

Eg var spent på kva konkurransevekta mi er, når ein tapper kroppen for vatn går ein jo eindel ned i vekt. Torsdagmorgen var eg 58,3 kg og fredagsmorgen viste talet 57,1! Sprøtt!!!! Det blir gøy å veie seg mandag etter å hatt karbofest lørdag og søndag!! Noken som vil tippe vekta mi da?? ;)

Klar for avreise Oslo, ikledd ullstillongs, ulltrøye, tjukk joggedress og dunjakke. 16 grader ute, men eg frys som om det var munus 16... Klarte forøvrig å drikke 3,5 liter væske mellom kl 0730 og 0930. Ny rekord!!

Atter ein gong måtte vi tråle butikker etter riskaker, -uten hell. Sliten, sur og tappa for krefter sjekka vi inn på hotellet for å slappe av litt før jakta skulle fortsette.
Eg gikk i dusjen medan Synnøve stakk på Kiwi for å handle seg litt mat. Eg hadde håret fullt i sjampo når det dundra på døra. Eg åpna og såg rett i ansiktet på SIGNE!!! Snakk om SURPRISE!!!! Eg blei så glad at eg prøvde å klemme ho, naken, klissvåt og full i såpe. Ho lo og skubba meg vekk, klemmen fekk vente til eg var påkledd!

Signe fortel om korleis ho har skugga oss heile dagen. Ho landa fra Ørsta samtidig som meg og Synnøve landa fra Ålesund og Førde og måtte unngå oss på flyplassen, flytoget og i sentrum. Likevel klarte ho å sjekke inn på rommet før oss, gjømme kofferten sin under senga og alliere seg med dei ansatte på hotellet om å ikkje røpe noko! Hihihihi! DIGGER den dama!!!

Snakk om BONUS! 2 av mine aller-aller-aller nærmaste og kjæraste er med meg!!!! Og dei får som takk lov å barbere ryggen min! ;)

OG halsen min!

Etter å ha vore hos Lisas og fått spraya på meg farge var det berre å stille seg i kø for å registrere seg til NM. Eg hadde jo forrige innveiing godt i minne med bikinitrusekrise og alt det medførte, og kryssa fingrane for godkjenning denne gangen.

Stod ca en time i kø før eg var ferdig med GODKJENT bikini!!! Wooopp!!!

Etter innveiing fekk eg omsider dei ettertrakta riskakene mine. Synnøve og Signe skaffa dei medan eg var på innveiing :)

No er det eit par glas Kvitvin og beina høgt i senga resten av kvelden. Kroppen skal tørkast enda meir ut til i morgon og oppcarbinga fortsetter fram til eg skal på scena:) Herfra går det berre oppover med andre ord!!

Innspurt !

Dagane fyk og eg ser enda på visa nærme seg med stormskritt. Eg storgler meg til NM, det blir ei fantastisk oppleving!

Den siste veka har det gått i ett! Eg slenger ut ei oppsummering litt hulter til bulter her :)

Siste oppcarbingsdagen min var fredag... Frukt, nøtter, havregryn, ris...

BCAA, cla, allergitablett, kalsium, omega 3. Mett på tablett!

Litt meir lysbetont trening denne veka, med humørspredere som Stig og Cato i nærheten!

Bikinikrisa er løst! Eg har pepra Yvonne fra NKF, Janne fra Teamet mitt og Ellen som eg har kjøpt steiner av, med bikinibilder av ræva mi. Livredd for å ikkje få den godkjent på innveiinga. Alle tre er enige om at den no er stor nok! Lykkelig BlingeBorg!! Tusen takk til snillaste Anette som sydde den ut og til Ellen som sendte steiner og gav meg gode råd!!! :)

Denne ukas meny... 1600 kcal per dag... Ikkje så ille i grunnen når eg slepp å gjere cardio!!

Ukas utfordring: motstå fristelser!! Svigerpa hadde kakeslaberas på søndag, og vi kunne velge mellom ikkje mindre en FEM kakesorter!! Eg drakk saft for harde livet og ignorerte suksessterta som ROPTE på meg!! Eg fekk med meg 2 stykker imatboxen min som eg skal kose meg med på søndag etter konk!

Takk til snille kollegaer på jobb som tester viljestyrken min!!!

Når du craver etter tomatsuppa til kidsa har du rett og slett vært på diett for lenge....

Kos med ungane: lunsj i parken og 3D kino på lørdag! Love it!!

Vi fekk og testa ut klatreparken på utstillingsplassen! Morro!!

Frøken Forfengelig fekk pussa på finishen hos Live på Fresh og Heidi på Clinique1. Påfyll av vipper, negler og nye striper i håret. Superdeilig å føle seg fin og feminin igjen!! No gler eg meg til helga!!

Ei siste poseringstrening med Terje: ryggen ser bedre ut enn nokon gong. Spennande å sjå korleis sceneformen blir!!

No skal kroppen tørkast ut. Eg har drukke 9 liter vatn/saft onsdag og torsdag og i måra skal eg slutte å drikke i 12-tida. I tillegg kutta eg alt salt i maten i dag. På denne måten kvitter kroppen seg med væske og eg blir forhåpentligvis hard i muskulaturen! På Stavanger Open var eg så tørr at eg ikkje fekk tak i huda på magen :)

I skrivande stund er klokka åtte torsdagskveld og eg er på veg i seng...(!!!!) Eg har gått ei veke på under 100 g carbs per dag og det merkast godt!

Avreise Oslo og NM i måra tidlig! Wææææh!!!

Shes BACK!

Tung i beina, tung i kroppen, TUNG i hodet. Fru Sutremus har hatt ein gjesteopptreden i helga og vist at ho og har eit ord ho skulle ha sagt! -eg har så vondt i hælen, det er sikkert ein betennelse! -du bør ikkje gå på Solheim med den, tenk om det forværrer seg! Frk Beist vrir seg av irritasjon og knekker eit og eit ledd på fingrane sine medan ho stirrer olmt på Fru Sutremus. Eg ignorerer dei og trekk på meg vintertightsen og lightdunjakka mi. Men eg blir sittande i trappa i gangen og veie for og i mot. Eg er så sliten, så sliten. Eg ser ut på strålande høstsol, tørre veger og blad som gulner på trea. Vanligvis hadde eg jogga ut døra full i energi for å nyte ein time for meg sjølv. Men jo lavare energinivået er jo sterkare er stemma til Fru Sutremus. Frk Beist har heldigvis fått intensiv MMA opplæring i vår, noko som kjem godt med i slike situasjoner. Brått byksar ho på Fru Sutremus og legg ho i bakken.

 

Det kjennes ut som eg vassa i vatn til livet heile vegen til Solheim. Og nedatt verkte både kne, ankel og hæl. -Hald fokus på målet ditt no! -Hugs på KVIFOR du gjer dette! Frk Beist gjentek orda til Mentor Elisabet, ei av dei råeste damene eg kjenner. -Det er EI veke att, dagane vil uansett passere, så bit tenna saman og FULLFØR!

Målet er forsåvidt nådd. På 16 veker har håret blitt bleikare, huda brunare og poseringane betraktelig betre. Og ja, eg kom i konkurranseform i tillegg! Men kva har skjedd på eit år?

2013 VS 2012
Trusa er i allefall blitt mindre ;) Neida, eg har auka muskelmasse og forbetra poseringane mine.
I 2013 har eg trent mykje tung styrketrening for å bygge meir muskler. Eg ville forbetre fysikken min, sjøl om eg og var fornøyd med det eg hadde.

Eg set meg alltid eit nytt mål når eg har oppnådd det eg har jobba for. Slutter du å strekke deg, så slutter du å utvikle deg.

UTVIKLING er nemlig essensen i prosessen eg er i gjennom no. Det er samme korleis det går med meg i NM. Eg har fått med meg enormt med lærdom gjennom dei siste 4 månadane: eg ser kor mykje nettverket mitt betyr for meg, og eg for dei. Eg ser kor mykje totalt framande kan bry seg om andre, og korleis eg kan ha innverknad på deira liv gjennom det eg formidler både her, i FM og gjennom andre media. Eg ser at er ein sta nok til å drite i janteloven så blir ein faktisk akseptert og til og med sett opp til!

Men mest av alt vil eg vise at uansett kor små eller store draumar du har, så KAN dei gå i oppfyllelse om du vil det nok!

Finalebilder Stavanger open

Eg er utrulig stolt av å ha nådd målet mitt: Komme til finalen i enten Stavanger Open eller NM. Alt som skjer heretter er rein bonus! Det er litt rart å sjå på desse bildene og faktisk vite at eg fortjente en plass i blant desse flotte damene. Eg har bokstavelig talt jobba RÆVA av meg, (sjølv om den er større enn i fjor!;) Men eg er likevel audmjuk for jobben dei andre har lagt ned i kroppen sin. Ikkje alle har mogelighete til å ta ut potensialet sitt på denne måten. Eg fekk sjansen, så eg gjorde det!

Eg kom på 6. plass. Nadia i midten tok 2. plassen og ho til høgre stakk av med bronse.

Les mer i arkivet » April 2015 » Mars 2015 » Desember 2014
Sol

Sol

35, Førde

Hei og takk for at du stikk innom! Med denne bloggen ønsker eg å motivere og inspirere til ein aktiv kvardag, kva det enn måtte vere. Eg liker å utfordre både meg sjølv og andre til å komme ut av komfortsona. Det er nemlig her det skjer utvikling! Eg er òg lidenskaplig opptatt av sunn og god mat, så et mattips eller to skal du heller ikkje sjå vekk i fra at du strompler over. Eg blir veldig glad om du legger att ein kommentar eller deler innlegga du liker :)

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits